reg%c3%a5
Foto: Finnestad, IRIS
hstrek-web

Foten innanfor?

Evaluering av aspirantordninga


På oppdrag frå Kulturrådet har IRIS evaluert Aspirantordninga i Kulturrådet. Bakgrunnen for opprettinga av aspirantordninga er å finna i stortingsmeldinga Kultur, inkludering og deltaking (2011–2012). I stortingsmeldinga vert det understreka at ein inkluderande kultursektor er ein sektor der alle har like moglegheiter til deltaking og til å utvikla sine skapande ressursar, uavhengig av faktorar som sosioøkonomisk, kulturell eller religiøs bakgrunn eller funksjonsevne. Det vert lagt vekt på at meir inkludering skapar større kunstnarisk mangfald, og at ein kultursektor som speglar samtida og mangfaldet og nyttar alle dei ressursane som er tilgjengelege, dannar grunnlag for eit rikare kunst- og kulturliv.

Aspirantordninga vart oppretta i 2012 og har som mål å bidra til at kulturfeltet i større grad speglar den generelle befolkninga og gjer bruk av dei ressursar som er tilgjengelege. Målsetjinga om at kultursektoren skal spegla befolkninga synleggjer demokratiske utfordringar med om sektoren ikkje evner dette. 

Meir konkret skal aspirantordninga gje unge talent moglegheit til å utvikla seg, til å læra korleis kunst- og kulturinstitusjonar arbeider, samt bli gitt tilgang til viktige kontaktar og nettverk. Målgruppa for aspirantordninga er kunstnarar og kulturarbeidarar i etableringsfasen med minoritetsbakgrunn.

Formålet med evalueringa har vore å samla erfaringane som er gjort i ordninga sine fire første år (2012–2016), og vurdera suksessen med og relevansen av ordninga. 
I tidsrommet 2012–2016 har 34 aspirantar starta eller gjennomført aspirantopphald ved til saman 32 kunst- og kulturinstitusjonar. Erfaringar frå dei involverte viser at samla sett er dei svært nøgde.  Ordninga har bidrege til at mange unge kunstnarar og kulturarbeidarar i etableringsfasen har knekt både kunstnariske, organisatoriske og kulturelle kodar. Dei fleste aspirantane har fått styrkt sin kunstfaglege og/eller kulturadministrative sjølvtillit og kjem styrka ut av opphaldet når det gjeld tankar om eigne moglegheiter i kulturfeltet. Alle opplever å ha auka sine nettverk og kontaktflate i kultursektoren. Forskarane konkluderer med at det ikkje er tvil om at aspirantordninga har hatt suksess innan sine rammer.

Samstundes kjem det fram frå svara til dei som tidlegare har gjennomført aspirantopphald, at dei i dag har ulike former for prekære arbeidsforhold: alle er i kultursektoren, men med arbeid prega av korttidsengasjement, mange arbeidsgivarar og låg lønn. Det indikerer at på tross av, for ein stor del, svært positive vurderingar av kunstnarisk utbyte og nettverksutviding gjennom aspirantordninga, så er det vanskeleg å omsetja denne auka verdien i varige og stabile arbeidstilknytingar. Dette igjen indikerer noko om prekariteten som ein normalsituasjon i kulturfeltet.

Du kan lese heile evalueringa, publisert av Kulturrådet i deira bokserie på Fagbokforlaget, les meir her>




 
International Research Institute of Stavanger
Mailing address:
Visiting address:
P.O. Box 8046, N-4068 Stavanger, Norway
Prof. Olav Hanssensvei 15, 4021 Stavanger


Phone:
Fax:

+47 51 87 50 00
+47 51 87 52 00

General email address: firmapost@iris.no
International Research Institute of Stavanger
Mailing address:
Visiting address:
P.O. Box 8046, N-4068 Stavanger, Norway
Prof. Olav Hanssensvei 15, 4021 Stavanger


Phone:
Fax:

+47 51 87 50 00
+47 51 87 52 00

General email address: firmapost@iris.no
International Research Institute of Stavanger
Mailing address:



Visiting address:
P.O. Box 8046
N-4068 Stavanger
Norway

Prof. Olav Hanssensvei 15 
4021 Stavanger

 
Phone:
Fax:
General email:
+47 51 87 50 00
+47 51 87 52 00
firmapost@iris.no