Kontakt

Mediaomtale:
Verdalingen.no, 28.02.2013
Mener ansvarsbytte har vært bra


Oppdragsgiver:
fylkesveg505kvernaland

Forvaltingsreforma og fylkesvegansvaret

- Maktfordeling, styringsdialog og samhandling
På oppdrag for KS har IRIS sett på fylkeskommunenes ansvar for styring og kontroll på fylkesvegnettet etter 2010.   Følgjene tre  problemstillingar vart undersøkt i prosjektet:
  • Har makt og myndigheit på samferdslefeltet reelt sett blitt overført til fylkeskommunane? Ja, dette vil vi svare bekreftande på. Det er ei produktiv maktfordeling der fylkeskommunen har makt gjennom økonomiske ressursar, formell myndigheit og tilgang til administrative ressursar og fylkesvegkontora oppnår makt gjennom fagleg kompetanse og sektoransvar.
  • Korleis har den admini­strative samhandlinga mellom fylkesvegkontora og fylkeskommunen  utvikla seg? Samhandlinga har utvikla seg både mot hierarki og likeverd .Dei regulære møta er prega av hierarki med rapportering og kontroll, medan samhandlinga om planar, prosjekt og enkeltsaker er dialog- og løysingsorienterte og prega av likeverd.
  • Har auka samhandling mellom regionvegkontora og fylkeskommunen ført til betre kontraktstrategi og lågare samla kostnadar? Det er  førebels  lite samhandling i fylka om kontraktstrategi.


Overføringa av vegansvaret til fylkeskommunane er i hovudsak opplevd som positivt ved fylkesvegkontora. I alle fylke fortel dei om auka samferdslebudsjett og stort engasjement og interesse for samferdsle frå fylkespolitikarane, at avgjerslene vert tatt raskt og at dei er godt forankra i kunnskap om lokale behov. Samstundes fortel fylkesvegkontora at det har blitt mykje meir politisk innblanding i saker som før var delegert og at dei òg vert trekt meir med i politiske møter.

Auken i byråkrati samla sett heng bl.a. saman med at krava om rapportering til Vegdirektoratet ikkje har minka sjølv om mange av vegane er overført til fylkes­kommunane.
Samferdsleadministrasjonen i fylkeskommunane gir uttrykk for at overføringa av vegansvaret for fylkesvegane er utfordrande. Det er mange prosjekt, store budsjett og store forvent­ningar hos fylkespolitikarane. Fylkeskommunens samferdsleadministra­sjon er liten, både i seg sjølv og sett i forhold til regionvegetaten.

Nokre fylkeskommunar opplever at det krevjande å styre samferdslefeltet både fordi det er så stort og mangfaldig, men óg fordi fylkesvegkontora og regionvegetaten er ein stor og kompleks organisasjon som dei berre har indirekte styring over. Andre fylke opplever at samhandlinga med fylkesvegkontora går svært greitt, at dei bruker tenestene frå regionvegkontora og at alle der står til disposisjon for fylkeskommunen. Det er såleis stor variasjon mellom fylka her.

Få med deg mer fra studien og les rapporten i sin helhet i rapporten  IRIS-2013/014 "Forvaltningsreforma og fylkesvegansvaret: maktfordeling, styringsdialog og samhandling".

International Research Institute of Stavanger
Mailing address:
Visiting address:
P.O. Box 8046, N-4068 Stavanger, Norway
Prof. Olav Hanssensvei 15, 4021 Stavanger


Phone:
Fax:

+47 51 87 50 00
+47 51 87 52 00

General email address: firmapost@iris.no
International Research Institute of Stavanger
Mailing address:
Visiting address:
P.O. Box 8046, N-4068 Stavanger, Norway
Prof. Olav Hanssensvei 15, 4021 Stavanger


Phone:
Fax:

+47 51 87 50 00
+47 51 87 52 00

General email address: firmapost@iris.no
International Research Institute of Stavanger
Mailing address:



Visiting address:
P.O. Box 8046
N-4068 Stavanger
Norway

Prof. Olav Hanssensvei 15 
4021 Stavanger

 
Phone:
Fax:
General email:
+47 51 87 50 00
+47 51 87 52 00
firmapost@iris.no