shutterstock 375886816
Foto: Shutterstock


Mest legionella på skular, i helsebygg og idrettsanlegg

30.01.2017

Oppblomstringa av legionella i kommunale dusjanlegg har samansette, lokale årsaker og må bli behandla deretter, meiner seniorforskar Anne Vatland Krøvel ved IRIS.

Legionella er ein bakterie som kan gi potensielt livstruande sjukdom dersom vi får han ned i lungene. Det første store sjukdomsutbrotet i Noreg hende i Stavanger i 2001 då 28 personar vart smitta, og sju døydde. Sidan har det vore nye utbrot fleire stader i landet.

Smitte skjer ved at ein pustar inn små vassdropar, såkalla aerosolar, forureina med legionellabakteriar. Alle innretningar som kan produsere slike vassdropar – som kjøletårn, dusjar, fontener, høgtrykkspylarar og liknande – er potensielle smittekjelder, og i Noreg har alle større utbrot hatt samband med innretningar som spreier aerosolar utandørs.

Eigarar av bygg der brukarar kan bli utsette for legionellabakteriar, er lovpålagde å gjere tiltak for å redusere bakteriespreiing. Kva tiltak er opp til den enkelte. Styresmaktene har blant anna tilrådd spyling med varmvatn og eventuelt også klorbehandling, men i dei kommunale dusjanlegga i Stavanger har det vist seg å ikkje vere nok til å få bukt med legionellaproblemet.

– Spyling kan vere effektivt for å slå ned ei stor oppblomstring, men er vanlegvis ikkje nok til å fjerne bakterien permanent. Ein må ta i bruk langt meir nyanserte metodar som tar omsyn til lokale forhold i kvart enkelt dusjanlegg, seier Anne Vatland Krøvel, seniorforskar ved IRIS.

– Vi må òg slutte å skjere alle legionellabakteriar over ein kam, for statistikken viser at det berre er nokre få typar som har evne til å gjere oss sjuke, seier ho.

Krøvel har leia eit omfattande legionellaprosjekt set i verk av Stavanger kommune og støtta av Regionalt forskingsfond Vestlandet. I prosjektet har ein mellom anna kartlagt legionella i kommunale dusjanlegg og sett på om bakterien har samanheng med dei tekniske løysingane i bygga.

Les heile artikkelen på forskning.no
OPM Latest Update
Read more

New book edited by Biomiljø scientists
Read more

Biomiiljø is leading the Water Column Monitoring 2017
Read more

Hun skal lede IRIS videre
Read more

Going digital
Read more

Regionalt forskingsfond gir midler til økt verdiskaping i næringslivet og fornying av offentlig sektor
Read more

Ledelse i flerkulturelle skoler
Read more

Go to news archive
International Research Institute of Stavanger
Mailing address:
Visiting address:
P.O. Box 8046, N-4068 Stavanger, Norway
Prof. Olav Hanssensvei 15, 4021 Stavanger


Phone:
Fax:

+47 51 87 50 00
+47 51 87 52 00

General email address: firmapost@iris.no
International Research Institute of Stavanger
Mailing address:
Visiting address:
P.O. Box 8046, N-4068 Stavanger, Norway
Prof. Olav Hanssensvei 15, 4021 Stavanger


Phone:
Fax:

+47 51 87 50 00
+47 51 87 52 00

General email address: firmapost@iris.no