firmapost@iris.no Home
 


22.12.2011
Legionella pneumophila i kommunale anlegg. Hvorvidt trengs mottiltak? Prosjektet, utført for Stavanger kommune, har vurdert nødvendigheten og effekten av tiltak rettet mot Legionella pneumophila i kommunale dusjanlegg
21.12.2011
Læring av hendelser i Statoil. En studie av bakenforliggende årsaker til hendelser på Gullfaks C og av Statoils læringsevne
14.12.2011
Matvaresikkerhet og handelspolitikk: Den nye internasjonale agenda og rammebetingelser for norske primærnæringer


Samarbeid om forsking kring innovasjon

Dei fire vestlandsfylka, ved forskingsinstitutta IRIS, Vestlandsforsking, SNF og Møreforsking, har foreina krefter i eit nytt forskingsprosjekt støtta av Forskingsrådet. Prosjektet ser nærare på spørsmålet: Er det mogleg å styre innovasjon?

Forskingsrådet sitt Virkemiddel for regional FoU og Innovasjon (VRI) prøver nettopp dette. Tanken bak virkemiddelet er at betre koplingar mellom næring og FoU-miljø i regionane vil føre til auka innovasjonstakt. VRI er derfor innretta for å skape slike koplingar. Forskingsprosjektet vil sjå nærare på korleis dette fungerer i praksis og i kva grad og på kva måte det kan tenkast å føre til innovasjon.

Samarbeidet starta i fjor vår, då representantar frå forskingsinstitutta møttest i Bergen for å finne fellesnemnarar knytt til deira forskingsprosjekt i VRI. Det viste seg at det var mogleg å få fram samanliknbare data mellom fylka og prosjektet vart i februar løyvt midlar frå Forskingsrådet. Forskarprosjektet har som målsetjing å bidra til å vidareutvikle VRI – programmet og norsk innovasjonspolitikk i tillegg til å bidra til internasjonal forsking kring innovasjonssystemtenking. Prosjektet skal vere ferdig tidleg 2010.



Forskarar involverte i vestlandssamarbeidet møttest i Bergen 24. mars.
Frå venstre: Martin Byrkjeland (IRIS), Stig-Erik Jakobsen (SNF), Ragnhild Wiik (IRIS), Ingjerd Skogseid (Vestlandsforsking), Inger Beate Pettersen (SNF), Finn Ove Båtevik (Møreforsking), Else Ragni Yttredal (Møreforsking)






Kontaktperson: Ragnhild Wiik


Print page