Eit fuktig såpestykke
15-Mar-2018 12:00:00 AM
Title: | Eit fuktig såpestykke |
Category: | Books (Bøker) |
Authors: | Jonvik, M. |
Research group: | Velferd, innovasjon og politikk (Innovation and Industry) |
Distribution restriction: | Open |
Published by: | Fagbokforlaget / IRIS, http://www.kulturradet.no/documents/10157/d9565112-274c-49a6-8334-b61d51b5f153 |
Abstract:
Kritikarar ytrar seg på profesjonell basis om kunstnarisk kvalitet. Dei omtalar, tolkar og vurderer korleis kunsten portretterer, forstår og vrir på røynda, samfunnet, kjærleiken og livet. Kritikarane har sentrale rollar som formidlarar mellom kunst og publikum, og ytringane og vurderingane deira er med og påverkar kunstens og litteraturens omdømme og verdi. Artikkelen utforskar korleis eit knippe litteratur- og kunstkritikarar forstår kunstnarisk kvalitet og korleis dei omtalar sine eigne vurderingar. Kritikarane refererer implisitt og eksplisitt til ei rekkje kjenneteikn på kvalitet: som originalitet, sjenerøsitet, truverd, sjølvstende, språkleg energi, fleirtydigheit, mot, visuell rikdom og kompleksitet. I tillegg står verknad sentralt i forståinga av kvalitet: korleis kunst og litteratur gjer inntrykk på, og rører ved. Kritikarane i utvalet skil seg frå kvarandre ved merksemda dei rettar mot form, kjensler, formidling, relevans og funksjon.
Last ned rapporten:Eit fuktig såpestykke_Jonvik 2018.pdf